Nettbutikk for bedrifter og skoler

Heime og ute

brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932

Innbundet
Nynorsk
Heime og ute
Heime og ute
  • Forfattere: Ivar Kleiven , Kristian Prestgard
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 497
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Novus AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788270998968
  • Kom i salg: 10. okt. 2017
  • Utgivelsesår: 2017
  • Bidragsyter: Kleiven, Ivar (for) ; Prestgard, Kristian (for) ; Harildstad, Gudmund (red) ; Kruken, Kristoffer (red)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: brev og notater, Dagbøker
Se flere produktegenskaper
395,-

Kjøp på nett

Kulturhistorikaren Ivar Kleiven frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard frå Heidal var venner frå ungdommen og gjekk i lag på Seljord folkehøgskule 1885-86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, men Prestgard reiste ut, først til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under. Heile brevskiftet blir her utgjeve i uavkorta form og med original rettskriving. Innleiinga inneheld biografiske omtalar av Kleiven og Prestgard, tidstavler og brevoversyn, og ei utgreiing om tekst og redigeringsprinsipp. Utgåva har ei stor mengd forklarande notar og fyldige emne- og personregister til slutt.

Gudmund Harildstad (f. 1965 i Ringebu) er konsulent i Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket. I åra 1993-2015 var han konsulent i Norsk Ordbok ved Universitetet i Oslo. Han har gjeve ut Frå barndomen (1993) og Brev til Decorah-Posten (1994) av Ivar Kleiven, Kristian Prestgards sjølvbiografi Fra Heidal til Decorah (1996), ei ny utgåve av Ivar Aasens Norske ordtak (2003) og Kristofer Visteds Jul i gamle dager (2016).

Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransnking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk personnamnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev I-III (2004), Personnamnarbeid av P.A. Munch (2016) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste saman med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.