Nettbutikk for bedrifter og skoler

Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly

Pocket
Nynorsk
Fortidens folkelesning
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly
Olaug Nilssen les Anne-Cath. Vestly
  • Forfatter: Olaug Nilssen
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 47
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Nasjonalbiblioteket
  • Nivå: Voksen
  • Serienavn: Fortidens folkelesning
  • EAN: 9788279654353
  • Kom i salg: 11. feb. 2020
  • Utgivelsesår: 2020
  • Bidragsyter: Nilssen, Olaug (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Litteraturstudier: skjønnlitteratur og forfattere
Se flere produktegenskaper
69,-

Kjøp på nett

«Kvifor appellerer denne familien med åtte små, to store og ein lastebil til mine barn med ein familie på tre små, to store og ein elbil?»
Anne-Cath. Vestly er kjend som «heile Noregs mormor». Men kva om ho faktisk var bestemora di? Det har Olaug Nilssen tenkt ganske mykje på. I familien hennar går det nemleg eit rykte om at Vestly var kjærast med farfaren, og den innbilte slektskapen har ført dei saman på eit vis. Men no les Nilssen Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i?

Olaug Nilssen blei fødd i Førde i 1977. Sidan romandebuten i 1998 har ho skrive i fleire sjangrar: romanar, dramatikk, essay, litteraturkritikk med meir. Nilssen hausta tidleg stor anerkjenning for bøkene sine, og i 2004 blei ho kåra til ein av dei fremste unge forfattarane i landet. For den sjølvbiografiske romanen Tung tids tale fekk ho mellom anna Brageprisen, og boka har blitt omsett til fleire språk. I 2019 fekk Olaug Nilssen Dobloug-prisen for forfattarskapen sin.

Anne-Cath. Vestly blei fødd på Rena i 1920. Ho byrja karrieren sin i radioprogrammet «Barnetimen», og det var her ho fyrst fortalde historiene om mange av dei som seinare skulle bli romanpersonar, som Ole Aleksander Filibom-bom bom og Lillebror og Knerten. Vestly står fram som ein fornyar ikkje berre av barnelitteraturen i etterkrigstidas Noreg, men òg av kulturformidling og fjernsynsunderhalding for barn. Bøkene hennar er omsette til over 15 språk og selde i meir enn to millionar eksemplar. I tillegg til ein heil del litterære prisar har Anne-Cath. Vestly motteke Kulturrådets ærespris, Brages heiderspris og St. Olavs Orden.