Nettbutikk for bedrifter og skoler

For ope hjarte

noveller

Innbundet
Nynorsk
For ope hjarte
For ope hjarte
  • Forfatter: Anna Gavalda
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 234
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Det Norske Samlaget
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788252195767
  • Kom i salg: 5. apr. 2019
  • Utgivelsesår: 2019
  • Tittel på originalspråk: Fendre l'armure
  • Bidragsyter: Gavalda, Anna (for) ; Bakke, Tove (ove)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Moderne litteratur, Noveller
Se flere produktegenskaper
399,-

Kjøp på nett

Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske.
Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?
Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.