Nettbutikk for bedrifter og skoler

Gard er ikkje redd

Innbundet
Nynorsk
Gard er ikkje redd
Gard er ikkje redd
  • Forfatter: Brynjulf Jung Tjønn
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 43
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Aschehoug
  • Nivå: 3-6
  • EAN: 9788203378461
  • Kom i salg: 8. aug. 2022
  • Utgivelsesår: 2022
  • Bidragsyter: Tjønn, Brynjulf Jung (for) ; Krogseth, Sunniva Sunde (ill)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Barn og ungdom: personlige og sosiale spørsmål: selvbevissthet og selvfølelse, Billedbøker med tekst
Se flere produktegenskaper
299,-

Kjøp på nett

Gard vil bli med pappa på fjellet. Dei må finne den siste sauen og lammet. For i skogen lurar reven. Førre gong Gard og pappa gjekk i skogen, hadde reven tatt eit lam. Heldigvis har Gard laga ei børse av tre. No skal ikkje reven føle seg trygg!

Men mamma har andre planer for Gard. Ho vil at han skal leike med ei jente som er fødd i det same landet som han. Gard blir sint. Kvifor skal han leike med ei lita jente? Berre fordi dei ser like ut? Gard spring mot skogen. Og skogen er mørk og skummel.

Gard er ikkje redd handlar om eit barns ynskje om å bli sett for det barnet er og ikkje for det vaksne trur det er.

«Gard er ikkje redd er en åpen og fin fortelling om ansvar, mot og trygghet - og om at det man først antar, kanskje ikke alltid er som man tror.» Karoline Henanger, Klassekampen

«Gard er ikkje redd er ei fin barnebok om mot og dyrehald. Sunniva Sunde Krogseth sine vakre illustrasjonar er detaljrike, visuelt tydlege og viser god kjennskap til gardsdrift og dyrehald. Dei formidlar og supplerer teksten særdeles godt, og gjer boka spanande for barn å bla i, også for dei som ikkje kan å lesa enda. Formatet og utforminga til denne boka gjer at ho eignar seg spesielt godt til høgtlesing, også i større grupper.» Hildegunn Hovde, Nynorskbok.no

«Gard er ikkje redd av Brynjulf Jung Tjønn og illustratør Sunniva Sunde Krogseth er ei finstemt og dramatisk danningsreise i bildebokformat.» Trine Dale, Barnebokkritikk.no

«Ikkje berre i teksten, men endå meir i illustrasjonane, vert lesaren omgitt av ein jordnær, men kjensleladd estetikk som lukkast med ein krevjande kombinasjon av nervepirrande spenning og stort tolkingsrom.» Janne Karin Støylen, Bergens Tidende (Fem hjerter)