Nettbutikk for bedrifter og skoler

Notatbok

Ukjent
Nynorsk
Notatbok
Notatbok
  • Format: Ukjent
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Skald AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 5161430021005
  • Kom i salg: 21. aug. 2023
  • Utgivelsesår: 2023
Se flere produktegenskaper
249,-

Kjøp på nett

Ei berekraftig notatbok!

Dette er ein serie med notatbøker for små og store tankar, laga av restmateriale frå små og store bøker. For kvar bok som vert produsert, ligg det mykje papir og materiale igjen i trykkeriet - for lite til å kunne trykke heile opplag av like bøker. Dette materialet held like høg kvalitet som det som kjem med i bøkene, og det ville vore synd å berre hive det.

Vi er difor stolte og glade over å ha fått til eit samarbeid med Balto Print om å bruke desse restane til å lage ein serie med notatbøker. Papiret vil variere, og det vil også fargen på omslaget gjere, men alle er av like høg kvalitet som dei prisvinnande bøkene vi gir ut.

Nokre gongar vil det berre finst nokre få eksemplar av ein farge eller papirtype, andre gongar fleire. Sidan hovudsaka er å bruke opp restar, finst det berre eit varenummer for alle. Det vil difor ikkje vere mogleg å bestille ein bestemt farge, og kva som dukkar opp i butikken vil vere tilfeldig. Det einaste vi veit er at første opplaget består av dei fem fargane på biletet her.

Notatbøkene er innbunden med svart tråd og har svart leseband for å finne fram mellom notata. Sidene er blanke.