Nettbutikk for bedrifter og skoler

¡Muxe!

du treng ikkje å vere kvinne for å vere dame

Pocket
Nynorsk
¡Muxe!
¡Muxe!
  • Forfatter: Stephen J. Walton
  • Format: Pocket
  • Antall sider: 417
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Spartacus Forlag
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788230402665
  • Kom i salg: 20. okt. 2020
  • Utgivelsesår: 2020
  • Bidragsyter: Walton, Stephen J. (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Sosial- og kulturhistorie
Se flere produktegenskaper
429,-

Kjøp på nett

Denne boka handlar om genussystemet i Istmo de Tehuantepec. Dette systemet er ein variant av dei fleirgenussystema som fanst over heile Amerika før den europeiske erobringa. Årsakene til at det har overlevd der, ligg i dei økonomiske og politiske djupstrukturane og ikkje minst i habitusen og den sterke sosiale posisjonen til kvinnene.



.Kjønn, genus og seksualitet er eit dynamisk felt i moderne samfunn, og systemet endrar seg raskt også i istmoen. Den tradisjonelle seksualkulturen blir utfordra på brei front av nye grupper med homoseksuelle menn av den globale typen, av endringar i kvinnerolla, og av mogelegheita for kjønnsstadfestande kirurgi.



Men istmoen har framleis ei gruppe transgenusmenn med ei trygg forankring i ei genusblanda rolle som sosiale kvinner utan at dei blir til kvinner. Såleis er området eit fascinerande døme på eit samfunn med heilt andre strategiar enn vårt for å romme menn som vil stige ut av maskuliniteten.