Nettbutikk for bedrifter og skoler

Puls

Yrkesliv i ambulansefag,vg2-vg3 ambulansefag

Puls
Puls
Se flere produktegenskaper
699,-

Format

Kjøp på nett

Denne læreboka lærer elevane å vareta sikkerheita både for seg sjølv og andre under ulike ambulanseoppdrag. Dei får god kjennskap til nasjonale operative prosedyrar, dokumentasjon og kvalitetsutvikling, og dei lærer å arbeide i samsvar med retningslinjer og prosedyrar for samvirke, lover og regelverk. Boka gir kompetanse i operativ leiing på ein skadestad, og situasjonar med pågåande livstruande vald og masseskadesituasjonar blir også tekne opp.
Puls Yrkesliv i ambulansefag er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 ambulansefag og vg3 ambulansefaget. Verket består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga: Ambulansemedisin 1 Ambulansemedisin 2 Yrkesliv i ambulansefag Kommunikasjon og samhandling I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, omgrepsregister, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært.