Nettbutikk for bedrifter og skoler

Stend

kultursentrum gjennom to tusenår

Innbundet
Nynorsk
Stend
Stend
  • Forfattere: Gaute Losnegård , Yngve Nedrebø
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 228
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Skald AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788279592488
  • Kom i salg: 21. sep. 2016
  • Utgivelsesår: 2016
  • Bidragsyter: Losnegård, Gaute (for) ; Nedrebø, Yngve (for)
  • Utgave nr.: 1
  • Emnekategori: Lokalhistorie
Se flere produktegenskaper
349,-

Kjøp på nett

I oktober rundar Stend Vidaregåande skule i Fana i Bergen 150 år med samanhengande skuledrift. Jubileet vert markert med boka Stend. Kultursentrum gjennom to tusenår. Ei rekkje bidragsytarar skriv i denne omfattande boka den lange og innhaldsrike historia til Stend, heilt attende frå 200-talet og fram til moderne tid, med historikarane Yngve Nedrebø og Gaute Losnegård som dei mest sentrale forfattarane.
Skulen, som ligg i Fana bydel i Bergen, har vore i drift sidan 1866. Skulen er i dag eit eige gardsbruk med mange ulike læringsarenaer med ca. 430 elevar.
Frå 1990 til 2016 går Stend gjennom store endringar, slik at skulen nesten ikkje er attkjennande. Frå å vere ein fullblods jordbruksskule som dreiv med konvensjonell landbruksutdanning, og der dei fleste elevane budde på skulen, har Stend no gått til å vere ein skule først og fremst for Bergensregionen, og som står på fleire bein: Naturbruk, tilrettelagt opplæring og idrett. Elevtalet har gått rett til værs dei siste åra, men den tradisjonsrike agronomutdanninga er nesten borte.
Boka er rikt illustrert med både nye og historiske foto.